Kvitlauk.no

Kvitlauk (Allium sativum) er ei fleirårig plante i laukfamilien. Han er ei mykje omtykt mat- og medisinplante som er nærskyld med kepalauk (vanleg lauk), sjalottlauk, purrelauk og bjørnelauk. Kvitlauk stammar frå Sentral-Asia, men veks ikkje vilt. Ein reknar med at han er vorten dyrka fram, truleg frå arta Allium longicuspis. Lauken til kvitlauk kan bli brukt som grønsak og krydder. Laukdelen har ofte fleire sidelaukar, kalla fedd eller kløfter, men finst òg som heil lauk i varianten kinesisk kvitlauk eller hovudkvitlauk. Ein annan type kvitlauk, elefantkvitlauk, høyrer til ei anna art (Allium ampeloprasum).